Ord i bok, tale og database: Nasjonal ordboksverksemd ved UiO

Gammelnorsk ordboksverk, Det norske litterære ordboksverk, Nynorsk ordboksverk: Tre ambisiøse prosjekt for å kartlegge det norske språket blei gradvis integrert i Universitetet i Oslo og med kvarandre.

Av Laurits Killingbergtrø

Da Norsk leksikografisk institutt vart skipa i 1972, kom ordboksarbeidet for første gong institusjonelt inn under universitetet. Samla i instituttet var tre ulike ordboksverk som hadde hatt kvar sine finansieringar og kvar sine skilde oppgåver. Og kvar si lange historie.

Bokmål bokstavleg talt

Bokmål fanst ikkje på 1800-talet. Motstykket til landsmålet var dansk, skildra i danske ordbøker, men dei dokumenterte ikkje den eigne norske varianten av språket. Det norske litterære ordboksverk vart påemna på privat initiativ i 1911 og kom for alvor i gang i 1921. Oppgåva deira var å samle tilfang frå bøker og aviser på riksmål/bokmål med tanke på å gje ut ei ordbok.  Denne ordboka, Norsk Riksmålsordbok, kom i fire band frå 1937 til 1957. Utgjevar var Riksmålsvernet.

Lars Andreas Kulbranstand ogTor Guttu med setelarkivet på Leksikografisk institutt rundt 1975.

Nynorsk og alle målføra

Nynorsk ordboksverk starta i det små i 1929 med støtte frå Pengelotteriet til Det norske Samlaget. Oppgåva var å samle tilfang frå norske målføre og nynorsk skriftmål, altså ei utfylling til Norsk Riksmålsordbok. Målføretilfanget vart i særleg grad sendt inn frå heimelsfolk rundt i landet. Føremålet også med dette ordboksverket var å gje ut ei ordbok, og såleis byrja Norsk Ordbok  å kome ut, med det første heftet i 1950 og det første fulle bandet i 1966.

Norrøne skriftlege kjelder

Gammelnorsk ordboksverk kom i stand i 1940, med støtte frå Nansenfondet til Det Norske Videnskaps-Akademi. Her var oppgåva å samle tilfang frå norrøne (og mellomnorske) skriftlege kjelder: Litterære tekstar, lovtekstar og diplom. Finn Hødnebø var knytt til Gammelnorsk ordboksverk frå 1947 og heilt til han gjekk av med pensjon i 1987. Da var arkivet på meir enn 700 000 setlar. Av bokutgjeving frå avdelinga kan nemnast Norrøn ordbok (1975), ein stor revisjon av den tidlegare Gamalnorsk ordbok.

Oppslag på «a» frå band 1, Norsk Ordbok. Foto: Anne Vaalund/MUV

Språk i kartotek

Det norske litterære ordboksverk samla ord frå eit levande skriftspråk, Gammelnorsk ordboksverk frå eit daudt skriftspråk. Nynorsk ordboksverk hadde eit større nedslagsfelt ved at det munnlege språket vart innlemma. Alt innsamla materiale frå desse ordbokprosjekta vart lagra som kartotekkort dei første tiåra. I store og stadig større kartotek.

Tette band til universitetet

Det har alltid vore tette band mellom språksamlingane og universitetet, med universitetsfolk i styra. Samlingane har hatt plass på Universitetsbiblioteket, og i 1961 flytta dei til Blindern da HF kom dit. Da Norsk leksikografisk institutt blei skipa i 1972, kom dei tre ordboksverka under same paraplyen, men framleis som skilde avdelingar med dei same skilde oppgåvene som før: Avdeling for bokmål, Avdeling for nynorsk og Avdeling for gammelnorsk og mellomnorsk. Universitetet hadde fått landets største arkiv, med ordmateriale frå norrønt til moderne avisspråk.

Norsk leksikografisk institutt på Chateau Neuf

I 1971 flytta språksamlingane og namnegransking inn i 3. etasje i det nye studenthuset Chateau Neuf. Kartoteka vart samla i underetasjen, mens dei tilsette sat i drivhusliknande kontor. Ein sumar dyrka dei agurkar i vindauga for å få arkitekten til å sjå at dei trong persienner. Men om inneklimaet var klamt, var arbeidsmiljøet mellom dei tre avdelingane nært og fruktbart, og det sosiale hopehavet vart enda tettare.

Nye administrative endringar og flytteprosessar

Neste administrative endringa kom i 1991, da det større Institutt for nordistikk og litteraturvitskap kom i stand. Norsk leksikografisk institutt blei Avdeling for leksikografi. Siste endring kom i 2005 med Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Norsk Riksmålsordbok. Foto: Anne Vaalund/MUV

 

Korleis har det så gått med dei tre gamle ordboksavdelingane? Bokmål har fungert som ei avdeling med dei gamle oppgåvene sine fram til dei siste åra, men desse har minka sterkt etter som tilsette gjekk av utan å bli erstatta. Nynorskavdelinga er blitt meir og meir identisk med prosjektet Norsk Ordbok og har oppgåver nok fram til ordboka er fullført. Den tredje gamle avdelinga, norrønt, har glide inn i nordiskfaget ved instituttet.

Databasar og korpus

Innsamlinga av ordtilfang heldt fram i alle desse periodane, etter kvart meir og meir med hjelp av informasjonsteknologi som samla materialet i databasar og korpus. Bokmålsavdelinga var tidleg ute med å dataføre og tagge tekstmateriale etter at edb kom i bruk, og dei bygde opp ein stor database. Jamvel dei gamle kartotekkorta i alle avdelingar vart digitaliserte og gjort tilgjengelege på data, mest gjennom det såkalla Dokumentasjonsprosjektet.

Nye ordbøker

Utgjevinga av ordbøker heldt òg fram. I 1986 kom Bokmålsordboka og Nynorskordboka, eit samarbeidsprosjektet mellom avdelingane bokmål og nynorsk. Berre Nynorskordboka åleine har vitjingar tilsvarande 20% av vitjingar for alle UiOs nettsider til saman.

I 1995 kom det to supplementsband til Norsk Riksmålsordbok, framleis finansiert eksternt. Det blir no arbeidd med ei samling av desse banda, supplering med nytt materiale og lansering av ein digital versjon. Utgjevar blir Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Redaksjonen i Norsk Ordbok rundt 1960. Frå venstre:  Olav Beito, Alf Hellevik, Gunnar Pedersen og Reidar Bø. Ukjent fotograf/MUV.

Norsk Ordbok skyt fart

Nye band av Norsk Ordbok kom, men det var eit ambisiøst prosjekt som gjekk sakte framover. Ein sein koloss: setelarkivet kom opp i vel tre millionar setlar før den elektroniske samlinga starta for alvor. Arbeidet med Norsk Ordbok skaut særleg fart frå 2002, da Norsk Ordbok 2014 vart skipa som eit eige prosjekt, finansiert av Kulturdepartementet. Norsk Ordbok er rekna å bli ferdig med 12. og siste bandet i 2015. Banda mellom bokstavane A og H er frå den analoge perioden av ordboksarbeidet og er ennå ikkje digitalisert.

Fortidas ord i framtidas forsking

Ordboksverksemda har gjeve ei enorm mengd innsamla kunnskap om språket vårt. Folk rundt i landet har snakka og skrive om det dei har rundt seg og det dei dreiv på med. Slik har mykje kunnskap om Noreg blitt lagra i samlingane. Alt dette gjev grunnlag for framtidas forsking. Både forsking vi trur vil kome og forsking vi ikkje har førestilt oss ennå.

Av Laurits Killingbergtrø
Publisert 12. jan. 2015 11:30 - Sist endret 30. okt. 2019 13:23