Studenterhjemmet – Noregs eldste studentheim

Lenge før Lånekassa fans det filantropar. Grunnleggjaren Peter Lorentzen Hærem ville gje studentane ein trygg, dana og kristeleg heim. Arne Garborg var mellom dei fyrste som fekk husrom.

"Soli deo gloria" står det skrevet på Studenterhjemmets fasade. Foto: Arthur Sand.

Av husfar emeritus Bjørn Ole Hovda

Studenterhjemmet kan seiast å vere starten på organisert kristeleg arbeid mellom studentar i Noreg. Huset stod ferdig i Underhaugsveien i 1875, ei tid med store samfunnsendringar. Det vart stadig fleire studentar frå sosiale lag utan dei rette kontaktane. Mange fekk ikkje buplass hjå familiar av borgarskapet i Kristiania. Sekretær for Lutherstiftelsen, Peter Lorentzen Hærem la merkje til at livet var hardt for mange studentar. I eit brev til sin nære ven Bjørnstjerne Bjørnson skreiv han i 1874:

”Lige fra den første tid jeg kom til Kristiania, har det vært en ynk at se på de stakkels studenter der kommer herind og i regelen står alene, netop komne ud fra hjemmets hjelp, støtte og hygge og skolens tugt i en alder, da både det ene og det andet vågner hos dem – og det går desværre altfor ofte galt, fordi der er så få som i kjærlighed tager sig af dem” (Sitert etter Kinge, Alf (red.): Studenterhjemmet. Et 75-års jubileum 1875-1950. Oslo: Eget forlag, 1950, s. 15)

I Jesu namn

Trongen til å gje omkringreisande forkynnarar opplæring, og å samstundes stø fatige studentar, gjorde at tankane om ein studentheim i Noreg fyrst vart materialisert i tilknyting til misjonsorganisasjonen Lutherstiftelsen. Den pietistiske Hærem og Lutherstiftelsen la vekt på omvending og personleg tilegning av trui. Dei såg ei andeleg krise i landet, og meinte at kyrkjeinstitusjonen delvis var udugeleg i møte med det dei såg på som falsk vanekristendom og frambrytande vantru. I denne andelege naudi måtte dei difor sende ut forkynnarar og skrifter. Dei fromme pietistane la stor vekt på at trua skulle syne seg i gode gjerningar til beste for medmennesket; å hjelpe dei trengande var ein del av kristenkallet.

Ålmennmenneskeleg daning

Byste av Hærem. Foto: Anne Vaalund.

Ideen bak Studenterhjemmet var ein kombinasjon av misjonsiver og nestekjærleg sympati med studentar under vanskelege kår. Samstundes skulle heimen leggje til rette for sann menneskeleg daning gjennom studium og omgang med dana kameratar. På dette viset skulle både Noregs rike og Guds rike få gode forvaltarar. Hærem vert i dag av somme rekna som den største gründer i norsk kristenliv. Han grunnla i tillegg til Studenterhjemmet til dømes Kristiania ynglingeforening, den fyrste norske ynglingeforening. Dette vart kimen til KFUM i Noreg.

Pengegåver

Utan store pengegåver frå velståande personar hadde det ikkje vorte noko av planane. Ein engelsk misjonær i Noreg, Mrs. Merrlees, gav 800 pund til Lutherstiftelsen. For pengane kjøpte Lutherstiftelsen tomti og huset i Underhaugsveien 15. Her flytta Hærem inn allereie i 1872, og gav opphald til 5-6 studentar. Seinare kom rikmenn på banen med monalege bidrag, særleg Svend Foyn. Underhaugsveien 13 vart kjøpt for om lag 7000 spesidalar, og Studenterhjemmet vart bygd for 20 000 spesidalar. I april 1875 kunne dei fyrste studentane flytte inn. Litt seinare same år fekk Arne Garborg plass.

Kongeleg innviing i ”tarvelig Morgendrakt”

Den 13. februar 1876 vart Studenterhjemmet innvia. Kong Oscar II var i Kristiania for å opne stortinget, og vart invitert av Hærem til å koma og sjå studentheimen. Då kongen kom, vart han, i følgje vitneutsegn, tydeleg overraska over at han i realiteten var invitert til ei innviing. Der var biskop Essendrop, kyrkjestatsråden, Det akademiske kollegium, teologiprofessorar, styrene i Studentersamfunnet og Lutherstiftelsen, og dei som hadde gjeve pengar til byggingi. Kongen orsaka at han kom i ”en tarvelig Morgendrakt”. Etter biskopens tale venta alle at kongen skulle ta ordet. Han vreid seg under trykket, men meistra situasjonen ved å seie noko om tilhøvet mellom den evige og timelege tid. Kongen fant seg etterkvart likevel vel til rette, og gav midlar til ein (eller to) friplassar på Studenterhjemmet.

Studenterhjemmet i litteraturhistoria

Arne Garborg hadde vanskeleg for å klare seg økonomisk, og sleit truleg mellom anna med skuldkjensle etter at faren hadde teke sjølvmord. Hærem hjalp honom med pengar, og han var blant dei fyrste som fekk plass på heimen under Hærems omsut. I eit brev skriv Garborg: ”Den som hjelpte meg til rettes til slutt var Peter Hærem. Han var den mest hjarte-rike mannen eg hev kjent, og det vil alltid vera meg ei sorg, at eg so lite vart det han hadde venta og vona" (sitert etter Time, Sveinung (red.): Arne Garborg om seg sjølv. Oslo: Bokklubben, 1988, s. 48).

Fredelige sysler på Studenterhjemmet. Ukjent fotograf.

Pater Omnipotens

I Garborgs Bondestudentar frå 1883 har Hærem gjeve inspirasjon til figuren Pater Omnipotens (den allmektige Fader). I boki vert han narra trill rundt av Mjøltråvaren, som laug på seg omvending og anger for syndar han ikkje hadde gjort. Slik fær han lura til seg pengar, med grunngjeving i trong til å kjøpe ein bibel. Garborg hadde fått høyre om slike episodar av både Hærem og medstudentar.

Hærem visste at Garborg såg på seg sjølv som fritenkjar, men han kjente til tragedien med den tungsindig religiøse faren til Garborg. Hærem reagerte strengt dersom nokon ville misjonere overfor Garborg: ”Dere faar ikke præke for Garborg – han ved alt; vi skal bare vise ham kjærlighed” (sitat fra Müller, Christian : ”Hærem og Garborg” i: serprent or Syn og Segn 34, 1928).

Obstfelders debut om Studenterhjemmet

Ein annan stor kunstnar som har levd på heimen er Sigbjørn Obstfelder. Etter ein tung periode i 1892 skriv han til broren frå Studenterhjemmet: ”Jeg har nu i snart et par måneder været i så godt humør og så vel tilpas med hensyn på nerverne, som jeg ikke kan mindes på år, jeg har været. Havde jeg bare lidt omgang med kvinder og lidt mer afveksling, så vilde jeg være fuldt lykkelig.”

Obstfelders debutbok Heimskringlam frå 1889 handlar om Studenterhjemmet. Dette er ei humoristisk historisk soge om Studenterhjemmets oldtid, om hendingar og daglegliv med historisk-kritiske fotnotar. Obstfelder var aktiv i foreningslivet på Studenterhjemmet, og var redaktør for internorganet Strømmen, som vart skrive og opplest på huset som i dag.

Studenterhjemmets evige far, Peter Hærem, døydde allereie i 1878. Jonas Lie skreiv eit vakkert minnedikt til gravferdi. Her følgjer andre vers av diktet:

Hvad Peter Hærem tolket,
det kjendes vidt om land –
han var et barn av folket
i ædleste forstand,
og rundt om landet brænder
der lys som han har tændt,
og han fikk tusen venner,
han aldrig selv har kjendt

(Etter Færden, M.J.: Peter Hærem liv og virke. Kristiania: Bjørnstad, 1914, s. 59).

Kilder

  • Færden, M.J.: Peter Hærem liv og virke. Kristiania: Bjørnstad, 1914
  • Garborg, Arne: Verk 1-12, Band 1: Småstubbar, Bondestudentar. Oslo: Aschehoug, 1980
  • Kilde, Morten: Peter Hærem (1840-1878) –et biografisk riss. Essay i kirkehistorie ved Det Teologiske Menighetsfakultet, 2004
  • Kinge, Alf (red.): Studenterhjemmet. Et 75-års jubileum 1875-1950. Oslo: Eget forlag, 1950
  • Müller, Christian: ”Hærem og Garborg”. I: serprent or Syn og Segn 34, 1928
  • Skarsaune, Oskar: Israels venner. Oslo: Luther forlag, 1994
  • Svendsen, Reinert: Studenterhjemmets første indflyttere.ikkje-publisert handskrift, 1915
  • Time, Sveinung (red.): Arne Garborg om seg sjølv. Oslo: Bokklubben, 1988
  • Tunvold, Solveig (red.): Sigbjørn Obstfelder. Breve til hans bror. ss. 132-138. (Brev frå Studenterhjemmet datert 7/5 -92), 1949
Av Husfar emeritus Bjørn Ole Hovda
Publisert 25. okt. 2012 18:48 - Sist endret 2. mai 2016 19:02