”De sollandske helte” - Livet på Studenterhjemmet

Studenterhjemmet er Noregs eldste studentheim frå 1875. Sollandet, som heimen vert kalla, har eit livleg miljø prega av humør og gamle tradisjonar. Her kan ein framleis verte riddar av Den Gyldne Sol eller kreert til Dr. Molborum.

Livlige unge menn utenfor Studenterhjemmet. Ukjent fotograf.

Av husfar emeritus Bjørn Ole Hovda

Peter Lorentzen Hærem skipa heimen for at studentar skulle bu trygt i eit kristeleg og dana fellesskap.

Studentlivet blømer under husfar Eckhoff

Hærems etterfølgjar på heimen vart Kristian Martin Eckhoff med tittelen husfar. Under honom vart heimen eit drivhus for ulike misjons- og studentlag. Det kulminerte med stiftingi av Norske Studenters Kristelige Forbund i 1899. Det er det vi i dag kjenner som Norges Kristelige Studentforbund, eller ”Forbundet”.

Under Eckhoff vart statuttane skriftleggjort, og heimen vart økonomisk berga gjennom bygging og drift av Studenterhjemmets Hotell rett ved sida av, i Underhaugsveien 15. Etter at hotelldrifti vart nedlagt heldt bygningen ei stund hus for ei rekkje kyrkjelege organ og kristne organisasjonar, og bar namnet Kirkens hus.

Sollandsforeningen

Kristian Martin Eckhoff. Ukjent fotograf.

Sollandsforeningen vart skipa i 1877 av Eckhoff, og er framleis i levande verksemd. Formålet er å verke åndsdaning og kameratskap mellom medlemmene. Her vert det arrangert føredrag, diskusjonar og kunstnariske innslag, alt med humoristiske påfunn. Her planlegg ein òg festar og arrangement, og vel bibliotekar, renovasjonsdirektørar (kjøleskapsansvarlege), ephorar (ryddemannskap), arkivar og så bortetter.

Strømmen er internorganet til Sollandsforeningen, og hadde Obstfelder som redaktør i si tid. I tillegg vert tidsskriftet Landsstrømmen utgjeve til alle noverande og tidlegare Hjemmianere.

Ein merkjer at kvalitetsreformen har gjort arbeidstidi til studentane meir bunden. Det er difor vanskelegare å fylle verv og halde tradisjonar levande. Mange vervhavarar finn engasjerande inspirasjon i heimens lange historie, medan andre vervhavarar ikkje har særleg mykje medvit eller interesse for dei verdiar og tradisjonar Sollandsforeningen og Studenterhjemmet forvaltar. Sollandsforeningen er i utgangspunktet ikkje berre ein rein fest- og underhaldningsklubb. Omgrepet daning vog tungt i refleksjonen rundt kva Studenterhjemmet skulle vere på 1800-talet, i dag stend daningsidealet nesten like svakt på heimen som elles i samfunnet. Likevel blømer det sosiale livet på heimen frodig, sjølv om studentkulturen har endra seg.

Doktor Molborum

Molboklubben vart skipa i 1888. Det er eit organ for disputasar i Erasmus Montanus-stil. Idiotiske eller paradoksale utsegn, som ”Eg kom ti minuttar før eg kunne” kan kvalifisere til innkalling for å forvare sitt utsegn i disputas overfor opponentar og publikum. Ved godkjent disputas vert ein kreert til doktor, og fær tildelt den ærverdige tittelen Doktor Molborum.

Ved større juridiske konfliktar kan Riksretten verte samankalla. Sist skjedde dette i 2004 då emeritert husfar stud. theol. Morten Kilde hadde tømt ei bøtte vatn frå Fjerdingen (4.etasje) over den uskuldige stud. philol. Anders Vasaasen nede ved trammen. Rettsprosessen varte ein heil kveld med ein verkeleg lagdommar til stades . Retten slo fast at all ufrivillig dusjing måtte skje med gyldig grunn, og etter lovleg vedtak i Homansbyens bade- og ducheforening.

Molbodisputasen 2. april 1909. Ukjent fotograf.

Den Gyldne sol

Studenterhjemmet har elles eit organisasjonsliv rikt på aktivitetar. Sportsforeningen arrangerer idrottstevlingar og vinterleikar på Sollandshytta i Nordmarka. Heimen har òg eit eiget ordenskapittel: Den Gyldne Sol, skipa i 1901 . Dei som har engasjert seg stort på huset kan risikere å få den blanke orden på sitt bryst.

Dei årlege festane

Vårball og juleball var opphavleg stilfulle festar for hjemmianerne og inviterte. Ein ville truleg sikre gutane eit minimum av kontakt med det kvinnelege kjønn. I dag er desse festane ei blanding mellom høgtidsame råmer, og vanlege ungdomsfestar. Festane ved Studenterhjemmet har aldri vore alkoholfrie, men straumane renn striare no enn før på Sollandsforeningens festar. Hjemmianerne har òg lange tradisjonar med å markere Stiftelsesdagen 13. februar, og på 17. mai har ein mellom anna pyjamastog i bydelen, med obligatorisk stogging av trikk nummer 17.

Husfarkaffe og kveldsbøn

Kvar fredag vert det framleis arrangert husfarkaffe på husfars rom. Dette er ein gamal tradisjon frå då husfar var ein godt vaksen mann som budde med familien sin på heimen. Etter andre verdskrigen vart husfarrolla til eit verv som ein av studentane fekk tildelt av Studenterhjemmets styre. Opphavleg var det felles bøn stort sett kvar morgon og kveld , men i dag er det felles kveldsbøn ein gong i veka for dei som ynskjer å delta.

Sollandet

Det er ikkje lenger like tydeleg i kvardagen at Studenterhjemmet er ein kristen institusjon. Ordi lyser likevel frå mønet: Soli Deo gloria (Gud aleine æra) og Verbum Dei manet in aeternum, (Guds Ord stend fast/verkar til evig tid). Studenterhjemmet har tilnamnet Sollandet. Dette skal vere inspirert av fyrste ord i inskripsjonen. Truleg kan òg opningstala til Peter Hærem ha inspirert. Han sa om studenten: ”Men mangfoldige bliver ... dog ikke paa langt nær hvad de kunde og skulde blive, om der kom mere Sol ind i deres Ungdomsliv.”

Framleis i dag er det 38 studentar som har gleda av å bu på Studenterhjemmet. Mange fær vener for livet, og mange av oss som har budd der gløymer aldri det særprega miljøet på denne vakre, merkelege og tradisjonsrike studentheimen. Med alle generasjonar av hjemmianere kan ein stemme i den gamle hyllingssongen Til stifterne:

Et læve de mænd som i sytti og fem
i landet først opslog sine telte!
Et leve vort gamle og minderike hjem!
Et leve de sollandske helte.

Kilder

  • Kilde, Morten (2004): Peter Hærem (1840-1878) –et biografisk riss. Essay i kirkehistorie ved Det Teologiske Menighetsfakultet. s. 16.
  • Kinge, Alf (red.) (1950): Studenterhjemmet. Et 75-års jubileum 1875-1950. Oslo: Eget forlag. ss. 101-115.
  • Lagdommaren var dåverande styreformann Wilhelm Omsted, berar av Storkorset av Den Gyldne Sol. Omsted har vore styremedlem og formann i Studenterhjemmets styre i ei årrekkje.
  • Kinge, Alf (red.) (1950): Studenterhjemmet. Et 75-års jubileum 1875-1950. Oslo: Eget forlag. s. 141.
  • Rian, Bjørgulf (1975): Studenterhjemmet 1875-1975. Et festskrift til 100-års jubileet. Oslo: Eget forlag. s. 49.
  • Svendsen, Reinert (1915): Studenterhjemmets første indflyttere. ikkje-publisert handskrift s. 8.
  • Kinge, Alf (red.) (1950): Studenterhjemmet. Et 75-års jubileum 1875-1950. Oslo: Eget forlag. s. 21.
  • Studenterhjemmets sangbok: Sollandssanger.
Av Husfar emeritus Bjørn Ole Hovda
Publisert 25. okt. 2012 18:48 - Sist endret 10. des. 2012 14:20