Del 26 (siste): Tristan da Cunha - en ekspedisjonsføljetong

Fra Sevrin Skjeltens dagboksnotater, 21. april - 27. april 1938.

Del 26

Torsdag 21. april

”Kl 6 var vi ved Dover og fikk Skatteseddelen om bord. Det er den første hilsen fra Norge til hvalfangerne. Vi ser nå båter over alt hav, store som små som går i alle retninger.

Lørdag 23. april

”Våken kl syv. Det første jeg tenker er at nettopp nå kommer Pearl til Oslo (…) vet ikke ordet av det før kl er 10 og losen er om bord. Ja nå er det herlige stunder. Vi har passert Svennør og det bærer innover. Vakre skogkledde holmer i sommersol. På dekket oppdressede folk hvor man ser glade og fornøyde ut. Ferder fyr ser vi nå utenfor kysten”.

Der sluttet dagboken. Da Skjelten mange år senere renskrev dagboknotatene, fulgte han ekspedisjonen helt i land:

”Det går utruleg fort å få våre effekter på 2 lastebiler og som skal til Botanisk museum og her må eg være med (…) Det var midnatt før eg kom til Tøyen, dei hadde ikkje fått melding om at vi kom på den tid (…) endeleg kom fru Holmboe ut i eit vindu, ho var ikkje blid, men så fekk eg fortalt at det var Tristanfararane som kom i utide for skuld for tidleg landing og med det no her, pipa fekk ein bedre lyd og vi både kom inn og fekk hjelp til å få tingene under tak. Så er også eg på hotellet, møte med Pearl er ikkje av det som er av det enklaste å få på papir. Skrinn som eg er, brunbrend, eldraudt skjegg, kvitbleikt hår, litt av ei framtoning og dette er eg gift med. Om denne tanken melde seg var det ikkje undeleg.”

Mandag 25. april

”Vi treffs tidleg på Museet for å pakke ut og ta vare på prøver og sjå til at ikkje noke har vorte skada. Utpå ettermiddagen har vi fått orden på det meste. Dermed til hotellet for å pynte oss til avskedslaget som skal vere hos Christophersen sine svigerforeldre, eit retteleg herskapshus med møbler og utstyr som ein ikkje har sett maken til. Alle har sine koner eller forlovede med. Pearl har fått plass ved bordet ved sida av lederen, ein fin gest til henne å vere borddame til sjefen. Ein god porsjon skryt fekk eg ved bordet, sjølv om eg var den minste i korga i vitskapleg leid.”

Onsdag 27. april

”Skjeltengutane er på kaia i Skjelten, på Hildre står Pit med Jostein på armen. Nei så han har vakse, uinteressert i pappaen, men mamma derimot, slikt kan ein vente seg når ein forlet ein slik eigedom (…) Vi runder Synnalandsneset, Boltholmen og eg ser heim.”

Kilder

Sevrin Skjeltens dagbok 1937-1938. Utlånt og gjengitt med tillatelse fra Jostein Skjelten

 

Emneord: [] Av Sevrin Skjelten. Utdrag ved Anne Vaalund
Publisert 25. okt. 2012 19:04 - Sist endret 22. nov. 2012 14:00