Ein samansett lidenskap. Asbjørnsen sitt forhold til skog og natur

Økonomiske utfordringar for handverkarsonen gjorde vegen til eit offentleg embete lang og ustabil, og store delar av utdanninga til Asbjørnsen vart avbroten av ulike arbeidsoppdrag. Han fekk likevel ei respektabel, akademisk merittliste å visa til.

Studentene skriver! Forfattere: Magnus Enger, Tobias Wetlesen og Kirsti Skjervheim. KULH2009 21V Folklore: Samling og kuratering. Våren 2021.

 

I 1856 fekk Asbjørnsen innvilga stipend til skogsvitskaplege studium i Tyskland, og fekk i 1859 sitt fyrste oppdrag som forstmeister i Noreg. 

Me vil sjå nærmare på ein vitskapleg artikkel, ein avisartikkel og ei forteljing, som alle handlar om skog og plantar. Slik får me høve til å sjå på ulike måtar Asbjørnsen har stilt seg til forholdet mellom skog og menneske. 

Bildet kan inneholde: person, panne, hake, yttertøy, frisyre.
Gjennom dei skogsvitskaplege studia i Tyskland og den akademiske karrieren opprette Asbjørnsen eit velutvikla nettverk både innanlands og utanlands. Med Asbjørnsen si private fotosamling fra Norsk folkeminnesamling får ein eit bilete av mangfaldet. Her er til dømes kunstner og folkeminnesamler G. A. Schneider (ca. 1866, fotograf Chr. Olsen) og den danske arkeologen Jens Jacob Worsaae (1876, fotograf Atelier Budtz Müller).

Vitskapsmannen – Lidt om Skovens Indflytelse paa Veirlaget  

Lidt om Skovens Indflytelse paa Veirlaget er ein artikkel Asbjørnsen skreiv for Polyteknisk Tidskrift nr 8 i 1854, med mål om å opplysa om miljørisikoane ved overhogst og avskoging. Her kan me sjå Asbjørnsen formidla som vitskapsmann, med empiriske døme frå resten av Europa, Midtausten og Amerika om korleis fjerning av skoglandskap har skada eller påverka områda rundt.

Han gjer greie for alle bruksområda skogen har som resurs for menneske, som byggemateriale og brensel, og korleis avskoging gjev rom for gardsbruk og dyrking. Han er tydeleg klar over kor viktig skoghogst er for menneskeleg utvikling, og kor freistande det kan vera å driva overhogst. Difor vert argumenta hans for måtehald i tømmerhogst ekstra viktige. Av dei døma Asbjørnsen trekker fram som konsekvensar av skogstap finn me:  

  • Utan skogen til å fanga opp fukt frå regn og gje skugge for bakken vert jordsmonnet tørt og oppvarma. Det fører til at jorda ikkje lenger vert dyrkbar og den mistar evna til å livnæra plantar.  
  • Fjerning av skog øydelegg eller forstyrrar formasjonen av bekkar og vassdrag, noko som kan føra til at bekkar forsvinn og innsjøar tørkar ut.  
  • Avskoging forårsakar endringar i vêr og regnvêr, noko som kan forverra tørken og forstyrringa av vassdraget.  
  • Skogen vernar det nærliggande landskapet mot vind, noko som gjer sletter meir utsett for vêr utan skogen, spesielt for salt havvind som skadar mindre hardføre plantar.  
  • Utan skogen til å fanga opp smeltevatn etter vinteren vert område meir utsett for flaum.

Alle disse døma syner korleis avskoging vil skada og forstyrra miljølandskapet i dei nærliggande områda.  

Måtehald  

Sjølv om naturvitskapen Asbjørnsen jobba med er frå ei anna tid , er dei empiriske observasjonane hans på effektane av avskoging framleis slåande. Han er tydeleg uroa over miljøkonsekvensane avskoging vil ha for levevilkåra til dei som bur i dei nærliggande områda, og oppmodar framfor alt til moderasjon. Asbjørnsen er tydeleg klar over kor viktig skogen er som resurs for menneskeleg utvikling, og ynskjer måtehald i bruken av skogen av omsyn til miljøet samstundes som ein held fast på levevilkåra til menneske.   

For Noreg som framleis hadde store mengder skogsmark var det særskilt viktig å verna skogen. På den eine sida nytta me skogen til byggemateriale og tømmerdrift, og tømmereksport hadde lenge vore ei av dei viktigaste kjeldene til inntekt i landet. Skogen var altså ein viktig økonomisk resurs og burde utnyttast. På den andre sida ville skogshogst, i tillegg til konsekvensane Asbjørnsen lista opp, fjerna skogen som langtidsvarig resurs. Asbjørnsen argumenterte for moderasjon.  

«Paa Jyllands Vestkyst hersker en lignende Tilstand; siden Skovene forsvandt, er den vestlige Del af Halvøen for største Delen blevet en Ødemark...»

P.C. Asbjørnsen, s. 124 i Litt om Skovens Indflytelse paa Veirlaget. 1854.

Skogen og mennesket

I denne artikkelen forsvarar Asbjørnsen skogen ut ifrå eit naturvernperspektiv.  Han forsvarar ikkje  skogen ut ifrå sin eigenverdi, men heller den verdien skogen har som livsgrunnlag for menneska. Det er viktig å hugse at  naturfilosofi som argumenterer med naturens eigenverdi er av nyare dato. I dei døma han nyttar kan me sjå landskap som er utsett for tørke, flaum og kraftig vind, som alle gjer tilværet for dei som bur i disse områda hardare. 

Folkeopplysaren - Om Planternes Væxt i Lukkede Glasskasser  

I juni 1856 skreiv Asbjørnsen om plantevekst i Illustrert Nyhetsblad. Undertittelen på avisa var: «Ugentlige Efterretninger om Nutidens viktigste Begivenheder og Personligheder; samt Dagens Nyheder, offentligt og selskabeligt Liv, Videnskap, Kunst, etc.». Ein slik tittel opnar mange dører for skribentane. I utgåva me tek føre oss her, nr. 23, introduserer Asbjørnsen det teoretiske så vel som det praktiske ved veksthuset.  

Bildet kan inneholde: utgivelse, bok, gjøre, avis, avispapir.
Faksimile av Asbjørnsen sin artikkel i Illustreret Nyhedsblad. 7. juni 1856. Henta frå Nasjonalbiblioteket. 

Historia til veksthuset  

Asbjørnsen påpeikar at ideen om plantevekst i kunstige klima har vore kjend i fleire tiår, men at den er lite kjend hjå det store publikum. Føremålet med spalta er «[...] at gjøre bekjendte for Læseren, de Resultater, som Ward beretter oss i sin Bog, «On the growth of plantes in closely glazed cases». I 1829 forsøkte  den britiske kirurgen N.B. Ward å gje liv til ein sommarfugl i ei glasflaske med fuktig jord, og noko  fanga merksemda hans. «Omtrent en Uge før Sommerfuglens sidste Forvandling, kom en Bregne, Lastræa, og et Græsstraa tilsyne paa Muldens Overflade» refererte Asbjørnsen.

 I åra som fylgde vart veksthus stadig meir populært. Landbruksingeniør Robert Jameson påpeikar at vekst- og glashus stort sett berre var tilgjengeleg for eliteklassen i England i byrjinga av 1800-talet. Med opphevinga av avgift på glas i 1845, og på vindauge i 1851, vart veksthus etter kvart tilgjengeleg for  fleire. Det er difor ikkje så rart at folkeopplysingsmannen Asbjørnsen tok opp temaet i 1856.  

Fysisk helse   

Både praksisen og teorien rundt veksthus gjorde at fleire byrja å reflektera rundt miljø. Disse kunstige klima vart òg skrive inn i ein samtale om helse. Dette gjaldt i hovudsak bygningspraksisen på 1800-talet. Sirkulasjon av varmt vatn i jernrøyr som oppvarmingsmetode var eit resultat. F. I artikkelen til Asbjørnsen kjem det fram at Ward òg nytta denne praksisen: «Huset var opvarmet om Vinteren fra Bunden af med Rør, hvori heldtes varmt Vand; [...]».  

«En ikke ringere, ja en endnu viktigere Fordeel vil udentvivl Fremtiden drage ud af disse Theorier».

Asbjørnsen, 1856

Eit lite vink til framtida?   

«En ikke ringere, ja en endnu viktigere Fordeel vil udentvivl Fremtiden drage ud af disse Theorier» skreiv Asbjørnsen. Dette var berre starten. «De synes at skulle give stødet til Foranstaltninger, hvorved man vil gjengive Menneskeheten, hvad de hidtil brugte Bygningsmaader saalenge have berøvet den, dens to viktigste Livsprinciper: Lys og Frisk luft». At mennesket lever meir og meir skild frå naturen var  òg eit tema som opptok Asbjørnsen.  

Bildet kan inneholde: klær, panne, ansikt, hake, øyenbryn.
Faksimile av forfatterene i Fra nordiske diktere: Et album i 1869. Asbjørnsen til venstre. Henta frå Nasjonalbiblioteket. 

Eventyrskrivaren - En vestlandsk Skovdal  

En Vestlandsk Skovdal er ein skjønnlitterær tekst av Asbjørnsen som fyrst vart trykt i Fra nordiske diktere. Et album i 1869. Her tek han oss med på ei vandring i og ei skildring av ein skogdal i Hardanger. Teksten går så over i ei segn om dei underjordiske i frå området. Det er Asbjørnsen sjølv som er ute og går, saman med eigaren av skogen og husmannen hans, og Asbjørnsen  reflekterer rundt det han ser. Teksten er  delt inn i forskjellige måtar å nytta skogen på: 1) tre som resurs  2) avskoging til fordel for andre resursar 3) Indre liv og åndeleg velvære. Forteljinga vert avslutta med ein fjerde del, ei segn som eit bilete på korleis menneske har trekt seg lenger vekk i frå naturen.  

«[...] dygtige Spirer og Emner til Mastetræer, om de fik Tid og Fred til fremdeles at voxe [...]»

P.C. Asbjørnsen, 1869, s. 43

Naturresursar, kunnskap og utvikling  

Sjølv i denne skjønnlitterære skildringa fann Asbjørnsen høve til å presentera  praktisk skogbruk. Men her gjev han skogen eigenverdi og sjel. Han skildrar ein skog som har vorte nytta som ein resurs. «[...]udhugne Strøg, med mægtige Stubber og kuede Rester af ældre Skovvæxt». Ei skildring av ein maktkamp mellom menneske og skog – han gjev trea liv, og tek det frå dei att. Han ser potensiale i noko som kan verta hustømmer og han ser «[...]dygtige Spirer og Emner til Mastetræer, om de fik Tid og Fred til fremdeles at voxe […]». Han skildrar terrenget og kva type treemne som har potensiale til å veksa i dei forskjellige forholda. Dersom menneske bestemmer seg for det, kan trea få veksa litt til.   

«Men det forekom mig, at jeg aldrig som her havde følt, hvad Skoven er for Mennesket, ikke alene for dets Udvortes, dets fysiske velvære, men for dets hele indre liv».

Asbjørnsen, 1869, s. 47

Mental helse

Vidare innover i skogen og lenger bort i frå «Jægtebyggernes hvirvlende Hammerslag og Skurlarmen fra Saagen..» overtek ein ro berre naturen kan by på. Med ljoset som glimtar gjennom dei raude furutrea får det heile eit høgtidspreg. Nesten i ein rus av skoglufta som er «[…] frisk og sød at aande, mættet med krydret duft […]» minnest Asbjørnsen likevel bilete av eit avskoga landskap som fylgje av åkerdyrking og fedrift – og elles menneskeleg aktivitet.   

I ljos av disse kontrastane kjenner han på kor nødvendig skogen er for det indre liv – den «[…] er som en oplivnende Vin, og den kan vel behøves […] de store skovvidder ere ikke alene en Fornøyelseskilde for jordbunden, men ogsaa for Folkeaanden og dens Aabenbarelser […] ikke alene for Folkets legemlige Velvære, men ogsaa for dets aandelige Velgangs Skyld […]». Ein får ei kjensle av at Asbjørnsen med denne forteljinga ynskjer å minna oss om, og understreka, at naturen og skogen er vel så viktig der den er.   

Skogsinteriør av Hans Gude. Udatert. Foto: Nasjonalmuseet/Børge Høstland.

Natur og mystikk  

I denne forteljinga får Asbjørnsen fortalt ei segn i frå området dei vandrar i. Den handlar om den siste mannen som var i kontakt med dei «Hine», eller underjordiske, og korleis folket slutta å tru på dei – noko som resulterte i at dei underjordiske flytta vekk. Vil han fortelje med segnet at når menneska har flytta seg lenger vekk frå naturen, forsvinn også magien og mystikken?  
 

Korleis stiller Asbjørnsen seg til det heile? 

Asbjørnsen hadde eit nært og komplekst forhold til skogen og naturen. Både som folkeopplysar, vitskapsmann og eventyrforteljar arbeidde han tett med skog, og det forholdet han hadde til skogen har mange sider og vinklar. Han respekterte skogen som ein resurs for menneskeleg utvikling, frykta den effekten hogst vil ha for miljøet og mennesket sine levevilkår, studerte høve for drivhusdyrking og introduksjonen av natur i byområde, respekterte naturen sin estetiske og kulturelle verdi, og såg korleis skog påverka eventyra. Dei mange interessene og sidene Asbjørnsen hadde gav han eit breiare syn på skogen enn mange i samtida hans.

 

Primærlitteratur:  

Asbjørnsen, P.C. (1854) «Lidt om Skovens Indflytelse paa Veirlaget», i Polyteknisk tidskrift nr 8, s. 118 – 125. 

Asbjørnsen, P.C. (1856) «Om Planternes Væxt i lukkede Glasskasser», i Illustrert Nyhetsblad, 7. juni. s. 90-91. 

Asbjørnsen, P.C. (1869) En vestlandsk Skovdal, Thorkildsen: København  

 

Sekundærlitteratur:  

«Bækkelund, B. (2012) Forstmannen Peter Christen Asbjørnsen, i Edvardsen», E. H. (red.) En dør til Asbjørnsen og hans verden. Norsk Folkeminnelag: Aschehoug & Co., s. 126-158. 

Jameson, R. (2013) Glasshouses: History and Conversation of Victorian and Ewardian Greenhouses and Cold Farmes. Tilgjengeleg frå: https://www.buildingconservation.com/articles/glasshouse-conservation/glasshouse-conservation.htm (henta: 23. april, 2021).

Valen, D. (2016) “On the Horticultural Origins of Victorian Glasshouse Culture.” Journal of the Society of Architectural Historians. 74 (4), s. 403-423. Lasta ned på UiO-brukar. 

 

Av Magnus Enger, Tobias Wetlesen og Kirsti Skjervheim
Publisert 20. apr. 2022 11:36 - Sist endret 20. apr. 2022 12:50