Travle dagar og kalde kveldar: Christopher Hansteen

Kan leiing av Noregs geografiske oppmåling, Meteorologisk institutt og Justervesenet vere tilleggsoppgåver for ein einaste professor? Den første astronomiprofessoren i Noreg hadde travle dagar, men rakk likevel å dra til Sibir.

 

Hansteen portrettert av Siegwald Dahl, signert 13. september 1848. Oslo museum.

 

Da Det kongelege Frederiks universitet blei oppretta i 1811, var Christopher Hansteen (1784–1873) adjunkt i matematikk ved latinskolen i Frederiksborg. Samme år hadde han vunne ei prisoppgave om jordmagnetisme der han prova at jordkloden hadde to magnetaksar.

Farleg ferd

Hansteen vart utnemnd til professor ved det nye universitetet i Noreg i 1813. Sumaren 1814 gjekk han og kona Andrea om bord på kaperluggeren Mazarino for å reise til Christiania og ei universitetslektorstilling i anvendt matematikk. Dei reiste til sjøs for å unngå truskapsløftet til svenskekongen. Fru Hansteen hadde sydd dokument til kong Christian Frederik inn i kjolen sin. Dei blei både jaga og skotne etter før dei kom trygt i land.

Hytte med arvegods

Frå 1816 var Hansteen professor i anvend matematikk og astronomi – viktige fag når ein skulle byggje opp ein sjølvstendig nasjon. Det nyetablerte universitetet hadde elendig økonomi, og verksemda tok til i leigde lokale i sentrum. Men der kunne ein ikkje observere stjernehimmelen. I 1815 fekk Hansteen installert seg i ei ombygd hytte på Akershus festning. Dei første instrumenta var frå det nedlagte bergseminaret på Kongsberg og på lån frå Fysisk kabinett.

Hansteen starta straks på arbeidet med å plassere hovudstaden på kartet sjølv om målingane ikkje kunne bli heilt nøyaktige utan eit skikkeleg observatorium. Det fantes ikkje ein felles nullmeridian før Greenwich i 1884. Tid og sted måtte bli rekna ut ifrå eit lokalt observatorium. Dette var naudsynt for norsk handel, skipsfart og vitskap.

Almanakken

Fleire store oppgåver la seg på dei smale skuldrene til Hansteen. Frå 1815 var han redaktør for den offisielle norske almanakken.  Almanakken var lenge den viktigaste trykksaka i Noreg nest etter Bibelen og salmeboka. Bak kvar almanakk låg eit stort arbeid med å rekne ut stillinga til sola og månen for kvar dag i året.

Kart, mål og vekt

Frå 1817 var Hansteen meddirektør, og seinare vart han direktør for Noregs geografiske oppmåling, som skulle kartleggje landet.  Han skapte eit nytt system for mål og vekt som vart gjeldande frå 1824. Ikkje berre skapte han eit system for mål og vekt, men han var medlem i kommisjonen som hadde tilsyn med dette – samtidas Justervesen. Systemet blei ikkje skifta ut med det metriske systemet før Hansteen var gått i grava. Han protesterte til det siste.

Forsking på jordmagnetisme

Hansteen fekk mykje ansvar i den ferske nasjonen Noreg, men han fann likevel tid til å forske vidare på jordmagnetisme.  Jordkloden hadde to magnetaksar og fire magnetpolar – dette var Hansteens teori. Å få publisert prisavhandlinga hans om jordmagnetisme frå 1811 med eit eige magnetisk atlas vart ei utfordring. Først åtte år seinare, i 1819, var boka og atlaset ferdige – med støtte frå kronprins Karl Johan. Denne publiseringa etablerte Hansteen som ein sentral forskar innan jordmagnetisme.

Internasjonal leiestjerne

Same år reiste han til London og Paris for å gjere forskinga si kjend. Han hadde berekna at ein magnetisk pol låg nær Baffinbukta. Storbritannia var leiande innan polarekspedisjonar i samtida og det var stor aktivitet for å finne ein nordvestpassasje og den magnetiske nordpolen. Hansteens forsking blei godt mottatt og i 1820-åra var han leiande internasjonalt på dette forskingsfeltet.

Magnetiske kart

Hansteen utvikla sitt eige reiseinstrument, Hansteens magnetometer, som var enkelt å frakte rundt for å måle jordmagnetismen. Polarhelten James Clark Ross var ein av fleire som promoterte instrumentet. Ein rekkje britiske skip fekk det med seg for å gjere målingar på ferden. Måleresultata blei sendt til Hansteen som emiriske data til nye magnetiske kart - kart med integrerte kompass, nærast sagt.

Magnetisk nordpol i Sibir

Hansteens magnetometer. Foto: Terje Heiestad.

Draumen var å finne den andre magnetiske polen på den nordlige halvkula. 19 mai 1828 la Hansteen ut på ei to år lang reise til Sibir. Den magnetiske polen fann han ikkje. Men eit svært viktig resultat av ekspedisjonen til Sibir var at Hansteen fekk laga det første verdskartet der alle verdas magnetmålingar vart samla.

Carl Friedrich Gauss tok gradvis over som leiande teoretikar innan jordmagnetisme. I 1840-åra hadde også britane gått vekk frå Hansteens magnetismeteori.

Nytt observatorium

Heime frå Sibir tok det ikkje lang tid før eit nytt observatorium blei bygd. Hansteen hadde fleire gonger søkt om pengar til eit skikkeleg observatorium. Han visste å argumentere med den praktiske nytta heile nasjonen ville ha av eit observatoriet. Det ville ”være nyttig for en høiere Dannelse saavel for den geographiske Landmaaler som for Soeofficeren og medføre en forøget literair Virksomhed ved Universitetet”. I 1830 løyva Stortinget pengane etter forslag frå finansminister Wedel-Jarlsberg. Observatoriet var den første monumentale bygningen universitetet reiste.

Bygningen hadde ein vitskapeleg fløy og ein boligfløy. I 1833 kunne Hansteen og familien flytte inn. Hansteen byrja straks å stille opp instrumenta. Endeleg hadde han rammevilkår så han kunne utføre samfunnsoppdraga han hadde fått og tatt på seg på ein god måte. Med blikket vend mot stjernene skulle Hansteen løyse kvardagsproblem til havs og på landejorda. Den viktigaste oppgåva til Observatoriet var å få Noreg plassera på kartet: Først å finne ut kvar på kloden vi er, deretter å kartleggje landet.

 

Utsnitt av planteikning frå den vitskapelege fløyen på Observatoriet. Meridianrommet til venstre.

Kalde kveldar

Østfløyen var teikna for ein meridiansirkel – ein kikkert der Hansteen observerte stjernene når dei passerte meridianen.  Taket blei trekt til sides  og lemmer i veggen opna opp så han kunne observere heile meridianen. Rommet var ikkje oppvarma, og Hansteen låg på rygg under instrumentet når han observerte. Næraste rommet i boligfløyen var kontor, og der hadde han satt inn ei seng med varme feller så han kunne få varma seg opp etter ein innsats for nasjonen.

Tur-retur Rundetårn

Hansteen justerte og observerte i mange år før han fekk fastsett breiddegraden for Observatoriet. Lengdegraden måtte sjåast i førehald til eit kjent punkt. Hansteen brukte Rundetårn i København. For å finne ut tidsforskjellen på Rundetårn og Observatoriet markerte Hansteen når kjende stjerner passera meridianen. Hansteen brukte eit nøyaktig pendelur samt 21 kronometre til dette. I 1847 blei sju kronometer sendt fram og attende mellom observatoria i København og Christiania. Begge plassane blei dei samanlikna med observatoriets pendelur, og dei igjen blei kontrollert av stjernenes meridianpassasjar.

Når ein visste nøyaktig kor Observatoriet var plassert, kunne alle andre målingar sjåast i forhold til dette. For å kartleggje landet må ein i tillegg ha ein basis – To faste punkt ein veit avstanden mellom, målt opp med målestavar.

Tårnkikkerten

I tårnet var det andre hovudinstrumentet plassera. Ein ekvatorialrefraktor der ein kunne observere himmelen i alle retningar. Det tok 10 år før instrumentet Hansteen hadde bestilt sto klart. Inntil vidare måtte han klare seg med den gamle refraktoren frå Vippetangen.

Magnetisme på Observatoriet

Var det plass til magnetismeforskinga midt oppi alt bestillingsverket Hansteen gjorde for nasjonen? Sjølvsagt! Det var jo dette Hansteen sjølv ville ha observatoriet til. I rotunden hang ein magnetstav ned frå taket. Eit mahognibord med glaslok og koparskinner verna mot elektriske forstyrringar. I vestfløyen sto ein kikkert retta inn mot rotunden som blei brukt til dagleg observasjon av stillinga til magnetstaven. Hansteen fekk òg bygd eit magnetisk observatorium nær Drammensveien, der Universitetsbiblioteket står i dag.

 

Hansteen gjekk av som professor i 1861, same år som det matematisk-naturvitskapelege fakultetet blei oppretta. Gruppebiletet viser alle dei vitskapeleg ansatte på fakultetet med Hansteen i midten. Ukjent fotograf. MUV

Værmelding og Frøken Ur

Oppmåling, justervesen, almanakk – alt var med inn i den nye kvardagen i Observatoriet.  No byrja han også å publisere meteorologiske målingar. Og ikkje minst så blei klokkane i byen og kronometera på skip i havna stilt etter eit tidssignal dei kunne sjå frå taket av Observatoriet onsdag og laurdag til same tid; eit tidssignal basert på observasjonar.

Assistentane

Så kva slags assistanse hadde Hansteen? Bernt Holmboe som seinare blei universitetslektor i matematikk var assistent 1816-1826, men dette var slett inga full stilling. Hansteen tok lønnsmidlane frå observatorstillinga for 1819-1821 for å finansiere utanlandsturen i 1819 der han framma forskinga si og knytte kontaktar. I 1840 blei bergkandidat E. B. Münster tilsett som observator, og fire år seinare tok en annan mineralog, Carl Frederik Fernley, over stillinga.

Liv og leven på Observatoriet

Ekteparet Fernley flytta inn i Observatoriet, der dei delte plass med herr og fru Hansteen, deira 5 ungar, og tenarane. Det er rimeleg å tru at forsking og observasjonar gjekk føre seg i eit rikt lydbilete. Hansteen og kona var flinke til å opne heimen, så Observatoriet var ein kjær møteplass for mange av borgarane i den vesle hovudstaden.

Nasjonsbyggjar og internasjonal superstjerne

Hansteen fekk skral helse og var friteken frå undervisning frå 1856. Fem år etter gjekk han av med pensjon. Då var han 77 år gamal. Han og familien fekk bu i Observatoriet til han døydde 89 år gamal i 1873. Hansteen var ein av mennene som verkeleg bygde nasjonen, og innsatsen hans blei sett og anerkjent i samtida. Han hadde mykje makt lenge etter at andre hadde overtatt leiinga av dei forskjellige institusjonane han hadde etablera. Og i ein periode var Hansteen verkeleg ei internasjonal superstjerne med forskinga på jordmagnetisme.

Kjelder

Norsk biografisk leksikon 1929, Christopher Hansteen

Norsk biografisk leksikon, Christopher Hansteen

Grønningsæterm Tore. Christopher Hansteen og framveksten av norsk astronomi i begynnelsen av det 19. århundre. Hovedoppgaveserien til Forum for universitetshistorie

Brahde, Rolf 1998. Det gamle observatoriet og bestemmelsen av Christianias beliggenhet. i Gulen og Paulsen "Fra Mester Geble til Charles Darwin".

Enebakk, Vidar: Magnetpolenes tiltrekning i Apollon 2011

Intervju med Vidar Enebakk: Magnetisk vitenskapshistorie

 

Publisert 17. apr. 2015 09:21 - Sist endret 29. apr. 2015 10:00