Almanakk for Noreg

Bibelen og salmeboka var dei vanlegaste bøkene i norske heimar på 1800-talet. Men kva for ei trykksak låg på bronseplassen? Universitetets almanakk.

Av Anne Vaalund

Almanakk berekna til Trondheims horisont 1816. Hansteen var på folkemunne kjend som Almanakkmeisteren. Foto: Anne Vaalund/MUV

Norske almanakkar har kome ut årleg sidan 1804. Dei fyrste åra blei almanakken berekna av den danske astronomiprofessoren Thomas Bugge, som hadde ansvaret for dei danske almanakkane. I 1814 fekk Bugge hjelp av Benoni Aubert, og almanakken blei trykt i Noreg for fyrste gong. Året etter tok det nye norske universitetet og lektor i matematikk, Christopher Hansteen, over oppgåva. Han blei sitjande som redaktør til 1862 – i heile 47 år. Meir enn nokon annan har Hansteen sett preg på den norske almanakken.

Kalendariet

Ein almanakk er ei liste over årets dagar ordna etter månader og veker med oppføring av dei viktigaste astronomiske fenomena, kyrkjelege og borgarlege festdagar og meir til. Det viktigaste i almanakken er kalendariet – tabellar over tidene for når månen og sola står opp, det same med planetane Venus, Mars, Jupiter og Saturn. Planetanes gang mellom stjernene er vist på himmelkart. Fullmåne, nymåne, jamdøgn og solkverv er òg berekna i hovudkalendariet.

Med blyant og logaritmetabell

Heilt frå 1815 vart det laga to utgåver av almanakken: ein sønnafjells berekna for Christiania og ei nordafjells berekna for Trondheim. Hansteen og rekneassistentane hans berekna solas og månens posisjon for kvar dag i året. Einaste utstyr dei hadde til å hjelpe seg, var ein logaritmetabell.

Carl Fredrik Fearnley, 1860-åra. Ukjent fotograf/Oslo museum

Folkeopplysing

Før Hansteen vart redaktør hadde almanakken med folkeopplysande artiklar om jordbruk: mellom anna om potetdyrking, hestekjøt og fjøskonstruksjon. Hansteen prioriterte heller astronomiske emne. Almanakken måtte ikkje ese ut – det var viktig å halde kostnadene nede så alle skulle ha rå til trykksaka. Da Malling fekk forlagsrett til almanakken, vart Norsk folkekalender som eit følgje til almanakken. I Norsk folkekalender skreiv Hansteen kvart år opplysande artiklar om astronomiske tilhøve. Da C.F. Fearnley tok over som redaktør etter Hansteen, kom det andre stoffet gradvis attende. Mykje var statistikk knytt til forskjellige emne: geografiske og demografiske fakta, eksport og import, post, telegraf og jernbane. På 1870-talet kom det òg folkeopplysande artiklar, mellom anna råd om fyrstehjelp ved drukning.

Vêret

Almanakken skulle tradisjonelt innehalde spådommar om vêret. Så mykje som ein tredel av almanakken var spådommar om vêret knytte til månefasar og månens stilling. Hansteen ville ha spådommane ut av almanakken, men dette sette universitetsleiinga seg imot. Dei var redde for salstalet. Pussig nok blei ikkje spådommane skifta ut med vêrstatistikk før Fearnley tok over som redaktør.

Såg vêrspådommane gode ut før denne skipsreisa frå Inderøe tidleg på 1800-talet? Frå JohF.L. Dreiers norske folkedrakter, 1913

Kom og selg!

Sidan almanakken var i kvar ein heim blei det med tida vanleg å ta inn kunngjeringar av ymse slag. Universitetet meldte at dei ville kjøpe oldsaker og myntar, etnografiske kuriosum og skjeldne dyr. Andre museer og statlege institusjonar fekk òg sleppe til med same type kunngjeringar.

Mål og tid

I tillegg til viktige merkedagar i løpet av kalenderåret har almanakken gjeve oversikt over andre aktuelle fakta. Frå 1875 og langt inn på 1900-talet vart det publisert ein tabell der gamle måleeiningar blei omsett til dei offisielle einingane. Samstundes blei portotakstar innlema; litt seinare reglar for telegrafering og telefontakstar. Når Noreg fekk ei offisiell normaltid blei denne kunngjort i almanakken. I dag har almanakken oversyn over dei viktigaste heilagdagane til fleire verdsreligionar.

Almanakken frå 2015, begge målføre

Almanakken i dag

Fortsatt bruker mange almanakkens opplysingar om månefase for å planlegge for vêret. Mange har sjølvsagt nytte av oversikta over flo og fjære. Boka er særleg populær blant jegerar, da det er via stor plass til avgjerder knytt til jakt, fiske og freding.

Almanakk for Noreg har hatt ein astronom eller astrofysiker frå universitetet som redaktør heilt frå 1815. Då det kom ein konkurrerande almanakk frå Almanakkforlaget frå 1995 reagerte mange på at den hadde langt mindre astronomisk stoff. Almanakken har tatt til seg mykje anna informasjon gjennom åra, men substansen er fortsatt å finne på himmelen.

Kjelder

Aksnes, Kaare 2011. Fra oldtidens steinsirkler til dagens almanakker i "Almanakkens historie".

Bull, Kirsten Strøm 2011. Almanakken som folkebok i "Almanakkens historie".

Institutt for teoretisk astrofysikk: Almanakken

 

Av Anne Vaalund
Publisert 19. mai 2015 11:52 - Sist endret 16. mars 2021 16:27