Hermelin og torskerogn - universitetsarv frå hylla

Universitetet i Oslo er eit skattkammer. Kjellarar og loft, skuffar og skåp, lagerrom, kontor og undervisningsrom er fylt med gjenstandar. Saman er dei grunnleggjande kunnskapsbrikker i historia til universitetet.

Foto: Terje Heiestad

Historie bur i tinga. Dei fortel om folka som brukte dei og om endringar i fag og undervisning. Dei gjer og at vi kan forstå vår eiga tid og institusjon betre. Mange av tinga våre har reist både i tid og rom. Vårt syn på dei vil endre seg over tid. Gjenstandar som er umoderne og avleggs i dag kan bli uvurderlege i morgon. Eit heimelaga instrument, bygd av blekkboksar, kan få ei like høg historisk verdi som ein praktgjenstand av fløyel og hermelin. Tinga og kunnskapen rundt dei blir framtidskjelder og arvesylv.

Eit stort universitet har eit stort mangfald. Gjenstandar og samlingar kjem frå ulike forskings- og fagfelt. Andre er knytta til studentliv eller administrasjon. Tusenvis av dei ligg utanfor dei etablerte samlingane til Universitetsbiblioteket, Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum. I staden blir dei tatt vare på ved institutta, i sentraladministrasjonen eller ved Museum for universitets- og vitenskapshistorie (MUV). Eit lite utval av desse gjenstandane ser du i denne utstillinga.

Utstillinga står utanfor lokala våre i Kristian Ottosens hus, mot Villa Eika.

Publisert 24. mai 2016 09:21